Gåver til arbeidet Foreininga mottek store og små gåver til hjelpearbeidet. Vi er no i stand til å realisere pengane i hjelp nesten omgåande i store deler av Ukraina. Med meir midlar kan vi hjelpe endå fleire. Etter utvidinga av krigen i 2022, er denne hjelpa i stor utstrekning til innkjøp av mat og medisin til eldre og trengande.

Offentleg godkjenning! Foreining har dei siste åra fått  god mottaking i det offentlege. Fleire og fleire ser at vi driv kostnadseffektivt og får hjelpa heilt fram til dei som treng det! Ved nyttår 2023 / 2024 vart vi mellom anna heidra av Tafjord og Telia med ein sum på kr 10 000. Dette var det mykje folk i distriktet som sendte inn forslag om og som altså vann fram saman med nokre få andre organisasjoner.

Skattefritak for gåver til foreningen! Frå 2023 er det muleg å få skattefritak for gåver til arbeidet vårt! Alle som gjev gåver mellom 500-25 000 kroner i løpet av året, vil sleppe å skatte av dette!  I slutten av året vil det vere muleg å be om dette for 2024 også.

Dersom du ønsker å se fleire bilder kan du åpne postane og sjå dei i uavkorta versjon på Facebook. Kklikk på fb-logoen i posten så åpner den seg i facebook. Logoen er over posten til høgre og er grå.